Historikk

Skrevet av Sondre D. Skarli . i kategorien Dølemomarknaden

Dølemomarknaden vart fyrste gong arrangera 6. september 1980. Seinare år er siste laurdag i august blitt fast dag for dette etterkvart så populære arrangementet.

Det er Dølemo Idrettslag, Dølemo Skyttarlag og Dølemo Grendelag som i fellesskap arrangerer Marknaden. Til å avvikle marknaden har vi kvart år ein funksjonærstab på omlag 200 personar, og når det totale innbyggjartalet på Dølemo óg er 200 kan ein tenkja seg kor stor innsats og velvilje alle har til å medvirke, slik at vi klarar dette store arrangementet.

Det første året var besøkstalet omlag 2.000, og utstillarantalet omlag 40. Vi har kvart år hatt ein jamn stigning i desse tala, sist år var besøkstalet omlag 13.000 og utstillarantalet 140. Dette har resultert i at området både for utstilling og parkering stadig er blitt utvida.

I tillegg til omfattande handel av alle slag, har vi kvart år og innslag av kjente og populære artistar til å underhalde.

På årsmøtet i Dølemo-marknaden i 2006 ble det bestemt at Dølemo-marknaden fra 2007 skulle gå over 2 dager. Bakgrunnen for vedtaket var eit evalueringsarbeid som ble gjennomført av styret i Dølemo-marknaden. Det blei sett på besøksutviklingen, trender i samfunnet, økonomisk resultat, ønsker fra utstillere, marknaden sin posisjon hos besøkende og sammenlignet mot andre marknader m.m.

Styret for Dølemo-marknaden ønskjer publikum og utstillarar vel møtt til marknad på Dølemo.

facebookt

Siden er levert av: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Copyright © 2011-2015 - Dølemomarknaden